Eg visste ikkje at det skulle bli so vanskelig å skrive mitt første innlegg her, vertfall ikkje her eg befinne meg no. Men la meg få prøve.
Etter ein veldig skummel flytur fra Nairobi, der vi satt i det smalaste og lavaste flyet eg noken gong har tatt (so lavt under taket at til og med EG måtte bøye meg ned for å kome meg heeeilt inn og bakerst i flyet), landa vi trygt i Mombasa. Varmen slo oss i tryne i det vi steig ut av flyet og ikkje nok med det stod der noken kjekke sjåføra med namneskilt til oss, som skulle kjøre oss vidare til Mama Susan, våra veiledar :)
Ho tok godt i mot oss med opne armar og ein stor god klem! Fantastisk dame, som eg kjente eg kunne bli fort glad i og samarbeide godt med framover.
Men ja, vi bur utrulig fint og he blitt godt komfortable med standaren her nede. Dei to siste dagane, he vi prøvd å bli kjent med byen og det som er rundt oss, som ikkje er heilt enkelt å forstå enda. Kvar er vi, kva heiter det her, kor mykje skal vi betale, kvar heiter det dit vi skal? Men med å bruke dei fantastiske menneska vi he rundt oss til hjelp, he ditte gått strålande bra, og vi begynde å klare å orientere oss i forhold til her vi bur. So vi trenge ikkje noke kart for å kome oss fram, nei: True courage is to keep on travelling, when you can't see the map! Kom over ditte sitatet på ein liten butikk som eg synest passa meg veldig fint.
Merka at eg rota meg litt vekk, men vi har vertfall komt oss godt på plass. Vi har fått bruke dinne veka til å bli kjent med byen og slappe av på stranda før vi starta for fult på jobb Mandag. So i dag he vi hengt på stranda, og i morga skal Mama Susan vere med oss en tur på stranda, so vi kan verte litt betre kjent.
Eg he det utrulig bra her nede, og klare nesten ikkje å skjønne at eg skal vere her i 3 mnd. Men tida går mykje fortarte her, so eg grur meg allerede til vi skal reise heim. Her er så varmt og godt, ingen problem med å kome meg opp om morgonen, og kanskje det beste, har ikkje fått noko problem med magen enda! (bank i bordet).
So til neste gang, kan dokke berre glede dokke til alle dei kjekke bilda eg skal legge ut :)
Snakkast snart
Kjepebra kjære Stine. Gler meg veldig til å følge bloggen din vidare. Ser fram til å sjå bilda :) Eg e so stolt av deg. Du er kjempeflink!!!!
SvarSlett