torsdag 22. september 2011

Innhaldsrike første dagar!







No har vi opphaldt oss i Mombasa i litt over ei veke, og kjenne på følelsen av at vi he vår her mykje lenger. Det er fordi vi har hatt fulle dagar der vi har opplevd nye ting, sett, hørt, lukta og kjent på følelsar som vi ikkje heilt klare å sette ord på enda. Vi lære noko nytt fleire gongar om dagen og får bruk for det like mange gongar same dag. Og fortsatt får eg nokre augneblink der det går opp for meg at eg er her, og her skal eg vere i 3 månader, her skal eg utføre eit viktig arbeid og her skal eg lære meg mykje om meg sjølv og andre.



Måndag 19/09-11 var første skikkelige dag på jobb. På den 20 minuttar lange gå turen til jobb gjekk eg å kjente på følelsen av å vere veldig avslappa til at det skulle vere min første dag i arbeid. Men når vi kom fram vart det noko heilt anna, fordi vi fekk beskjed om å få kvar vår klasse. Skule? Hmmm, det var ikkje heilt det eg hadde sett for meg, men la gå, eg er med på alt. Nervøs og usikker på kva eg skulle gjer vart eg presentert for ei 2.klasse med 7-8 åringar. Der vart eg plassert på ein stol at med kateteret til læraren og med ryggen mot elevane. Det følte eg var heilt feil, men eg visste ikkje om eg gjorde noko gale om eg snudde meg meir mot dei. Snudde meg og følte det var betre. So satt eg der og observerte korleis elevane gjorde oppgåver dei hadde fått frå læraren. Dei var veldig flinke til å gjer det dei skulle, men det som eg la merke til var at dei delte på viskelær og måtte dermed bevege seg gjennom klasserommet og kanskje bli ukonsentrerte og skrivebøkene til nokon datt nesten frå kvarandre.  Men dette var ikkje noko som stoppa dei. Etter kvart satt eg og retta oppgåvene deira og ropte dei opp om dei hadde gjort feil og prøvde å forklare kva dei hadde gjort feil.
Eg er ingen lærar, men eg følte eg var til hjelp etter å skjønne korleis det gjekk føre seg. Skule her og i Noreg er veldig forskjellig. Du skulle våre her å lært vekk noko og lært noko av dei her Tante Sølvi.

Tysdag 20/09-11 vart enda ein kaste seg i det situasjon. Vi satt eigentleg berre å venta på å få gjort
noko, fordi alt gjekk ikkje etter planen etter som Mama Susan hadde blitt sjuk på Måndag. So vi ville
gjerne sta å helse på dei små babyane og gjekk inn på Baby Wing som det blir kalla. Der møtte vi
nokre tilbaketrekte små søte born. Både vi og dei var litt usikre på korleis vi skulle møte
kvarandre, men vi kasta oss uti det og løfta dei opp i armane våra og smilte og dulla med dei. Vi
merka ganske fort at dei to som jobba der ikkje hadde rekt å skifta på alle, fordi dei var ganske våte.
Å vi som er vant med tørre born, skifta på dei rett som det var og vart møtt med handkle og
tøybleier.
Vi vart raskt kjent med dei og namna deira, og vart litt bekymra for nokre som hadde høg feber,
hoste og ikkje heilt med på det som skjedde rundt dei. So dei vart sendt til sjukehuset, noko som var
veldig betryggande. Dei kom tilbake i god behald og med medisinar J Vi vaska også klede, bleie og
handukar i hytt og pine denne dagen, sidan vi skifta på dei so ofte. Det gjorde vi i ein balje med vatn
og hang det til tørk ute i sola. Og her er det slik at ein ikkje kan sløse med vatnet, fordi det er mangel
på det, so her må ein bruke det vatnet ein tek til det ikkje kan brukast meir og fylle på når det er
behov.  Vi lærte mykje denne dagen, som kjem til å bli nyttig å ta med seg vidare. Skal bli spennande
å bli enda betre kjent med desse barna og bakgrunnen deira.

Onsdag 21/09-11 møtte vi på jobb og fekk beskjed om at Mama Susan enda ikkje hadde blitt frisk. Vi
skal eigentleg bruke onsdagar og torsdagar, til å besøke andre institusjonar. Men ingen
avtalar har blitt bestemt enda, så vi vart einige med Peter (sosialarbeidar) om å lære litt meir om
den kenyanske kulturen og reiste på Fort Jesus, som er eit museum her i Mombasa (les meir om det
på nettet om du er interessert). Her vart det mykje gåing i steikande sol og varme. Noko vi ikkje er
vande med og blir fort slitne av. So etter omvisinga der, spaserte vi i gamle byen i Mombasa og fant
ut at vi ville tilbake dit for å kjøpe nokre fine gåve der til dokke heime J

Torsdag 22/09-11 forventa vi at alt kunne skje på jobb, vi var forberedt på kva som helst. Dagen
starta med mange spørsmål frå oss til Peter og vi hadde ein lang samtale med han og fekk klarert
nokre tankar og spørsmål vi hadde i hauda våre. So hadde vi eit møte med Mama Susan, Salama som
har hovudbasa si i Ukunda, på sørkysten, som eg møtte sist eg var der, Peter og Kristin. Vi gjekk
igjennom ein del ting som barneheimen arbeidar med, og planla framtidige besøk ute i feltet. So det
verte nokre spennande veke i vente, der vi skal til sørkysten neste helg for å besøke Salama og bli
med på det arbeidet ho gjer der. I dag fekk vi liksom kjenne på følelsen av at no skal vi verkeleg
begynne å jobbe med sosialt arbeid og få kjenne på korleis det er å jobbe med det her nede. No har
det gått opp for oss at vi skal utføre mange viktige oppgåver her nede. Eg gler meg so sjukt til å vere
med på dette her og gler meg til å fortelje dokke seinare om alt vi skal oppleve.

So no tek vi helg, med god samvett etter å ha avslutta denne dagen med ei oppsummering av alt vi
har opplevd til no. So til helga skal vi nok på ein tur til sørkysten og slappe av der J


::Barneheimen::


Baby Wing

Tre veke <3


Klesvasken etter en dag på jobb


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar