No følar eg at det er på sin plass å sende dokke ei oppfordring til å donere noke penga til den flotte barneheimen vi jobbar på og dei kjekke borna vi har her. Eg vil ikkje at dykk skal gi fordi dykk føler at dykk må, so derfor vil eg prøve å gi dykk ei lita innføring so dykk kan gjer opp dykkar eiga meinig.
"Barneheimen Mji Wa Salama (Place of safety) har som visjon å sjå alle borna leve glade, eit oppfyllande og fruktbart liv. Målet deira er å sikre overlevelse og beskyttelse overfor borna, legge til rette for deltaking og utvikling til deira fulle potensiale".
Ein veldig fin visjon og eit mål som dei verkeleg klare å leve etter på mange måtar. Men å leve etter eit slikt mål treng ikkje å vere so enkelt når ressursane ikkje strekker til.Sjølv om vi har vårte litt blinde etter å ha snart våre her ein månad, fordi dei nettopp gjer god nytte av det dei har, har vi sett nokre av problema som oppstår når ein ikkje kan kjøpe det ein treng, når ein treng det.
Barneheimen har ikkje mykje pengar og blir kun dreven av midlar som blir donert til dei av lokalbefolkninga eller turistar som kjem innom på besøk. Det er enklare for oss å sjå ein del ting som dei treng og som dei rett og slett ikkje har moglegheit til å kjøpe sjølv, no som vi har såtte oss inn i arbeidet. Det har gitt oss inspirasjon til å ta saka i eigne hende og ta ein prat med veiledaren vår, Mama Susan. Vi ville at ho skulle skrive ei liste over ting som dei trengte aller mest, sidan vi med norske vanar kanskje ser ting litt annleis.
Dei kan til ei kvar tid KUN kjøpe det mest nødvendige som ris, poteter, mel, melk og vaskemiddel, so i dag fekk vi ei prioriteringsliste. Ei liste for ting som kan vare over ei lang periode og ei kortare periode. Det var ganske mykje, so vi har tatt ut noko av det vi såg på som mest nødvendig utifra dei observasjonane vi har gjort oss.
Lang periode: Gass ovn (1200kr), madrasser, kjøkkenutstyr (bestikk, glass, fat, panner, termos), stolar, bord, klede til dei ansatte (barna får donert ein del klede), trillebåre, kost, spade, ståltråd (istadenfor piggtråd til å henge opp kleda på).
Kort periode: Mat, vaskemiddel, bleie/tøybleie, medisin, vaskeutstyr, hygieneprodukt, morsmelkerstatning
Eg har sjølv bestemt meg for at min donasjon skal gå til innkjøp av ny maling og male omigjen nokre av dei bileta dykk kan sjå på veggane og male noko nytt.
So med dykkar donasjon vil vi legge vekt på omgivelsane på barneheimen og både dei ansatte og borna. Håpar på at dykk kan spre ordet til kjende! Summen av det dykk vil bidra med å gi er ikkje oss av interesse, men heilt opp til dykk sjølv å bestemme, vi er glade for kvart eit øre <3
Donasjonskonto: 39104290764

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar