fredag 11. november 2011

Prosjekt leikeplass!

Etter 10 år har denne leikeplassen fått god tid til å forfalle. Leikeapparata er rustne, malinga falmar og flassar av, den treng rett og slett å bli meir barnevennleg. Og det har vi tenkt å gjere noko med. Vi kjem til å starte med å reparere, male og rydde, berre det kjem til å gjer stor forandring og gjer det meir innbydande.
Etter å ha fått inn ein del pengar av dokke der heime, har vi blitt einige med kollegaane våra om å restaurere denne leikeplassen. Det er eit kjempe fint område for barna, der dei verkeleg kan vere barn, aktive barn. So her er nokre bilete av korleis leikeplassen ser ut no, so for vi håpe at vi klare å få gjort noko på den korte tida vi har att.


Denne veka starta vi som smått med å pusse og skrape vekk sann sirka 10 lag med maling på eit av leikeapparata, vi har til no brukt to dagar på det og er enda ikkje ferdige. Det går sakte men sikkert, men det viktigaste er at vi får gjer det saman med barna. Vi har også begynt på dei runde sittegruppene som er på dei to første bilda, dei har fått to strøk med grunning, neste veke skal dei få fargane gul og grøn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar